Guide To Go®

Last ned appen og hør lydguiden I Edvard Griegs fotspor.

Viktig: etter at du har installert appen, skann QR-koden på nytt (eller trykk på lenken din) for å legge I Edvard Griegs fotspor i My Routes. Har du allerede appen? Skann QR-koden en gang til, så dukker guiden opp under My Routes → My purchases.

I 1877 kom den verdskjente komponisten Edvard Grieg til Lofthus for fyrste gong. Venskapet til det fyrste vertskapet på Hotel Ullensvang, Brita og Hans Utne, vart svært godt, og Nina og Edvard Grieg vitja Lofthus sumar etter sumar. Flere av hans største verk er inspirert av Hardanger-naturen kulturen og folket her, og mykje av det vert rekna som det mest dyrbare i norsk musikk. På Lofthus, komponerte han Strykekvartett i G-moll, Opus 27, Den bergtekne, Album for Mandssang, opus 30 og ein del av “Peer Gynt”. “Dovregubbens hall” vart omskreve etter eit stort snøras Grieg opplevde då gjekk i Velurefjellet på andre sida av fjorden av Lofthus. Også store deler av Holberg-suiten vart til på Lofthus, då i gårdshuset til Arne Lofthus, og ein god ven i bygda. Hans originale skrivehytte står den dag i dag i hagen på Hotel Ullensvang, og her tek vandringen til «I Edvard Griegs fotspor». Edmund Harris Utne, oldebarn av Brita og Hans Utne og 4. generasjon tidlegare eigar av hotellet, tek deg med på ein lyd-guida tur i Lofthusbygda. Rundturen tek 60 - 90 minutter.